Lokalnytt

Stormande applaus på siste sommarkonsert

Artisten Jarle Bernhoft tok publikum med storm under siste sommarkonserten i Fjellgården Øvre Ljøen amfi i år.

Sommarens avslutningskonsert i Fjellgården Øvre Ljøen amfi vart eit fyrverkeri frå solovirituosar, fyrst unge Kristian Haug og deretter sjølvaste Jarle Bernhoft.

Til trass for lite sommarleg ver møtte eit stort antall publikum fram til konsert i amfiet på Øvre Ljøen laurdag. Dei kom for å høyre to av norges beste virituosar og publikum fekk høyre det dei hadde håpa på.

Fyrst på scena kom Kristian Haug, ein framstormande ung trubadur med talent både på sitt strengeinstrument og med flott vokal. Alt frå fyrste gitargrep begeistra han publikum til jubel og klappsalvar som sikkert høyrdest langt ut om amfiet sine veggar.

Kristian Haug var ein ny, god artist som publikum fekk møte på Ljøen laurdag. Snart kjem han ut med eige musikalsk materiale.

«Oppvarminga» varte ein time før scena vart rigga for kveldens hovudartist Jarle Bernhoft. At han vart årets spelemann i 2011 forstår vi godt for den som likar denne musikkstilen.
Bernhoft har jobba seg fram og blir rekna som ein av norges beste soloartist. Han er oppvaksen i Nittedal og har ei sjeldan vid songrøyst, frå den djupaste bass til ljosaste tenorstemme, og i tillegg er han ein multikunstnar på fleire instrument, både tangentar og gitar. Dette fekk publikum erfare, spesielt imponerande var gitarsoloane han leverte på scena på Ljøen laurdag.

Rundt 160 betalande fekk det dei kom for å høyre og applaus og andre tilrop runga i konsertområdet. Etter halvannan time var konserten slutt, men Berhoft fekk ikkje forlate scena før publikum hadde fått sine to ekstra låtar.
Då var kvelden og mørkret kome over Fjellgården Øvre Ljøen, og sommarkonsertane for i år var slutt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380