LokalnyttLokalsport

Sunnylven J13 vann stort

Sunnylven J13: Bak frå venstre: Sina, Marie, Selma, Kristin, Sofie, Ingeborg.
Framme frå v: Olivia, Marta, Siv-Anita, Isabella.
Aller fremst målvakt Tonje.

Sunnylven jenter 13 har vunne sine fotballkampar på heimebane så langt i haust. Tysdag vann dei også på bortebane 9-2 mot Bergsøy.

Det stod 4-1 til Sunnylven ved pause i Bergsøyhallen. I andre omgang skora Bergsøy ein gong til og Sunnylven fem og vann kampen 9-2.
Mål for Sunnylven; Sofie 3, Ingeborg 3, Kristin 2 og eitt sjølmål.

På Hellesylt stadion blir det kamp for G13 mot Larsnes torsdag 2. september kl. 18.30. Sunnylven J13 spelar heime tysdag 7. september same klokkeslett mot Hasundgot.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380