Svingande pensjonistkveld på Hægstad Gård

Det var fullt i kafeterian på Hægstad Gård søndag kveld der 65 medlemer frå Sunnylven pensjonistlag var samla til sosialt treff.

Leiar Astrid Langeland helsa vel møtt med sang til 65 medlemer då Sunnylven pensjonistlag hadde treff på Hægstad Gård søndag kveld. Musikarane i Fossedur stod for underhaldninga.

«Hver gang vi møtes har vi det bra», song pensjonistleiaren då ho helsa alle til underhaldning med Fossedur, loddsal og trekning av mange gevinstar, og kaffi og gode bakevarer frå Geiranger Bakeri. Ein triveleg og velsmakande kveld for fleire sansar på ein litt grå og regntung kveld.

Sjølv om både serveringa og loddsal med trekning kan vere spaning, var det nok musikarane i Fossedur som fenga interessa søndag kveld. Det skulle vere ein intimkonsert og tett på publikum vart det som lova.

Fossedur spela godt og lenge, frå høgre Olav Elling Gausdal, Knut Hanssen, Jostein Ringdal, Bjarne Sjåstad, Oddvar Gausdal.

Humør og speleglede

Fossedur består av Olav Elling Gausdal vokal og fleire strengeinstrument, Knut Hanssen gitar og vokal, Jostein Rindal slagverk, Bjarne Sjåstad tangentar og bass, og Oddvar Gausdal trekkspel.
Konserten var i to avdelingar som dei opna med irske tonar. Seinare vart det både Åge Alexandersen, Bob Dylan, nokre av Olav Elling Gausdal sine eigne låtar, og Hellbillies. Her toppa det seg med låta «Birgjit Lien».
Å oppleve konsert med Fossedur er triveleg, gode låtval, dyktige musikarar på sine instrument med godt humør og speleglede. Dei er klare for nye oppdrag, trur vi.
-Hellesylt har det meste, Fossedur er dei beste, sa Astrid Langeland då ho takka dei fem for underhaldninga.

Komande arrangement

Til slutt på samlinga på Hægstad Gård orienterte Astrid Langeland om komande arrangement. Fredag 27. august inviterer Stranda kommune pensjonistar til gratis middag på Storfjord kulturhus. Der blir det servert sosakjøt og riskrem. Middagen er klokka 15.00 og frå Hellesylt går det buss frå Hægstad Gård klokka 14.00. Påmelding til Astrid Langeland innan tysdag 17. august kl. 20.00.

Sunnylven pensjonistlag markerer også den internasjonale eldredagen 1. oktober. Det blir servert midag, kaffi og kaker på Hægstad Gård, og der blir det besøk av artisten Olav Stedje.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380