Vedtok utgreiing av ny ferjekai på Hellesylt

I fleire år har det blitt jobba med planar om flytting av ferjekaia på Hellesylt, og no kan det skje. -Det gjeld om å vere tålmodig i arbeid, seier ordførar Jan Ove Tryggestad.
På kommunestyremøtet i Stranda var saka om flytting av ferjekaia på Hellesylt til andre side av Langedalselva oppe til drøfting. Mange tok ordet i debatten og støtta fullt ut framlegget til vedtak. Der står å lese;
-Stranda kommune godkjenner vedlagt samarbeidsavtale mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Flakk Gruppen AS. Etter forprosjektet og før fase 2 med eventuell realisering må saka på nytt vurderast politisk.
-Spanande i kommunestyret
Ein av dei mange som var på talarstolen var Jostein Hole (H). Det var ein gledens dag med vedtak om hydrogen og planar om flytting av ferjekaia, begge saker som Hellesylt ville ha glede av. -Alt heng saman med alt, sa Jostein Hole.
Også Joachim Bjørstad Langlo (H) tykte det var ei kjempesak, det ville skape nytt liv for reiselivet, trudde han.
Helge Kvam Karbø (MDG) er varamann som møtte på kommunestyremøte for fyrste gong og var oppglødd.
-Om det er så spanande saker i kommunestyret kvar gong håper eg at eg får møte fleire gonger, sa han. Som alle dei andre støtta han framlegget.
Unngår bruk av driftsmiddlar
Stranda kommune skal skyte inn 5.000 000.- kroner i eit selskap som skal jobbe fram eit forprosjekt. Beløpet blir dekka inn frå salet av industritomt til Norwegian Hydrogen og slepp å bruke driftsmiddlar til finansieringa. Selskapet mellom Fylkeskommunen, Flakk Gruppen og Stranda kommune skal ha eit eige styre. Kommunen sine tre i dette styret vart Jon Aasen, Astrid Eide Stavseng og Per Kristian Frøysa
På Hellesylt kan det sommarstid bli både kaos og oppstå fårlege situasjonar både på Hellesylt bro og elles når turistar ønskjer å ta bilder av det spektakulære fotomotivet som Hellesyltfossen er.
Får oppleve flytting
I ein kommentar til hellesylt.info uttrykkjer ordførar Tryggestad stor glede over det samstemte vedtaket.
– Å få flytta ferjekaia gjer at også andre ting kan bli løyst på Hellesylt. Saman med medarbeidarar har vi jobba i mange år med saka. Eg har vore i tvil om vi fekk sjå ny ferjekai, men no ser det ut til at vi får oppleve det med god margin.
I 2013 vart det gjort eit såkalla rekkefølgjevedtak om at hotellet på Hellesyltneset ikkje kunne ta i bruk sjøbassenget til småbåthamn før ferjekaia var flytta.
I lenke for bevaring av smykke
Skal det utsleppsfrie ferjer på fjorden må det i alle tilfelle ei ombygging av eksisterande kai, og det må gjerast noko med Hellesylt bro. Den må ikkje røyvast, det er eit kunstverk, eit smykke på Hellesylt som eg er viljug til å legge meg i lenke for å bevare, seier ordførar Tryggestad.
Det slepp han om grunnboringar i haust og ikkje andre hindringar kjem i vegen for bygging av ny kai som kan stå ferdig i 2024.