LokalnyttLokalsport

Vellukka norgescup-stemne i Hyttehola

Mette Elisabeth Finnestad, Søgne skyttarlag vann klasse 3 – 5 under Norgescupstemnet i Hyttehola.

Siste helg i august var Sunnylven skyttarlag med å arrangere tredje og siste runde av norgescupen i baneskyting for Det frivillige Skyttarvesen. Stemnet i Hyttehola var på alle måta vellukka med god skyting. Prikkfritt levert av skyttarlaget.

Av Ola Vangen, leiar i Sunnylven skyttarlag.

Den tredje runden av norgescup baneskyting på Sunnmøre var eit samarbeidsprosjekt saman med Sykkylven og Hovdebygda og Ørsta skyttarlag, der dei tre skyttarlaga arrangerte kvar si skyting som talde med i cupen.

 Mykje god skyting

Fleire av skyttarane i norgeseliten tok turen til Sunnmøre denne helga for å kjempe om sigaren i cupen. I Sunnylven blei Mette Elisabeth Finnestad frå Søgne skyttarlag vinnar av stemnet i seniorklassa, klasse 3-5. Ho klinka til med 348 poeng og heile 27 sentrumstiarar.
Finnestad låg lenge ann til å sette ny banerekord, men måtte ut i ein 9-ar på den siste 10-skot serien. Dermed overlevde banerekorden til Oslo Østre-skyttaren Bjarne Muri, som han satt under Hytteholstemnet for to år sida.

Sentrumstiarar avgjorde

Sjølve vinnaren av norgescupen i år blei skyttarkongen frå landsskyttarstemnet i 2019, Rasmus Løberg. Han tok ein knepen sigar førein annan skyttarkonge Hans Kristian Wear. Det blei poenglikheit slik at det måtte avgjerast med antall sentrumstiarar for å skilje skyttarane. Ole Magnus Bakken frå Løiten skyttarlag tok 3.plassen, eit poeng bak skyttarkongane.

Skyttarar frå arrangørlaget

Beste sunnmøring i klasse 3-5 blei Trine Ramsvik Stette frå Engesetdal/Skodje skl med 345 poeng og ein 22. plass.
Av våre lokale skyttarar tok Kristian André Frøysadal Hauge 42. plass med 342p, Ivar Fivelstad 46. plass med 340p, Kjell Oddvar Frøysa 52. plass med 339p, Ola Vangen 58. plass med 339p, og Dag André Hauge 78. plass med 332p.

Ørjan Frøysadal Hauge frå arrangørlaget sigra i klasse eldre rekrutt.

Ungdomen gode, og siger til Ørjan

Blant ungdommane var det lite som skilte dei beste. I klasse junior tok Caroline Finnestad Lund, frå Søgne skyttarlag, 1. plassen i klasse junior med fullt hus 350p og imponerande 32 av 35 sentrumstiarar.
Nummer to i klassa blei Nora Sæterøy Høybakk, frå Langevåg skyttarlag, med 350p og 28 sentrumstiarar. Isak Elias Frøysadal Hauge kapra 4. plassen med 348 poeng og 23 sentrumstiarar.

I klasse eldre rekrutt vart det siger til Ørjan Frøysadal Hauge etter å ha prikka inn 349 poeng og 23 sentrumstiarar. Ein flott prestasjon.

Kirsti Frøysadal Hauge imponerte også på standplass, og vant klasse 1 med 243 poeng og 6 sentrumstiarar.

Treffsikker superveteran

Sjølv om det ikkje blei nokon Sunnylvsskyttarar som deltok i veteran klassane så er det likevel verdt å nemne resultatet til 82 år gamle Odd Kolsrud frå Begnadalen. Odd prikka inn sentrum på sentrum og endte til slutt opp med fullt hus 350p og ikkje mindre enn 33 sentrumstiarar av 35 moglege. Dette blei det beste resultatet under stemnet, ein sentrumstiar meir enn Caroline Finnestad Lund.

Korona prega arrangement

Sjølv om det var mykje god skyting så var stemnet prega av pandemien. Vanlegvis deltek det ca 350-400 skyttarar på denne runden, men på grunn av pandemien og smittesituasjonen kom berre omlag halvparten. Det var påmeldt totalt 215 skyttara før stemnet starta, og det deltok til slutt 183. Fleire av skyttarane meldte avbud på grunn av sjukdom, noko som viste at dei tok både arrangementet og pandemien på alvor.

Mykje skryt

Til slutt vil eg takke alle som hjelpte til for å få arrangementet vél i hamn. Det vart mange dugnadstimar både før og under arrangementet.
Då er det hyggeleg at dei tilreisande skyttarane har gjeve gode tilbakemeldingar, skrytt av både gjennomføringa og over kor flott anlegg Sunnylven skyttarlag har i Hyttehola.
Skyttarlaget takkar også alle lokale bedrifter som har støtta opp om arrangementet.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380