Lokalnytt

Vellukka Storfjordstemne

Inge Bjørdal frå Sunnylven er styreleiar i Storfjordens Venner.

Storfjordens Venner sitt sommarstemne på Øvre Ljøen vart på alle måtar vellukka. Ein flott stemnestad med lett tilkomst, godt ver og godt program, men med mindre frammøte enn vanleg.

I amfiet på Øvre Ljøen og området kring er det plass til langt fleire enn rundt 150 som kom til sommarstemnet til verneorganisasjonen. Leiar i Storfjordens Venner, Inge Bjørdal forklarer det låge frammøtet slik;

-Vi var nøydde til å setje ein grense grunna Corona-regelverket og eg fekk nokre kommentarar i etterkant på at folk ikkje møtte fordi dei rekna med at dei ikkje ville få billett.
Det var lagt ut 300 billettar for sal.

Konserten.

På programmet under stemnet stod musikk av Sunnylven skulekorps, helsingar, orientering om garden Ljøen og om arbeidet i Storfjordens Venner, og ikkje minst konsert med folkemusikaren Sigrid Moldestad frå Breim. Den vart eit høgdepunkt for mange, også for leiaren.

-For meg personleg var dette heilt etter min smak: songar med innhald og meining (og det er ikkje eit særmerke ved dagens musikk!), kulturutrykk vi kjende oss heime i og i nynorsk språkdrakt. Innhaldsmessig var det godt i samsvar det Storfjordens Venner står for og arbeider for.

Og vi har fått svært gode tilbakemeldingar frå frammøtte som utrykte at dette var ei stor oppleving. Ubetaleleg var m.a. ein av kommentarane vi fekk. Eg skal garantere at ingen reise frå Ljøen og angra på at dei møtte, seier Inge Bjørdal.

Bjørdal takkar også vertskapet Bonsaksen som han seier hadde gjort ein fabelaktig jobb med å legge forholda så godt til rette på alle måtar, m.a. med godt lydanlegg.

Amfiområdet på Øvre Ljøen er ein vakker stemnestad og bør brukast mykje meir.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380