Ventar cruisebåtar til Geiranger og Hellesylt

Mein Schiff 1 er fyrste cruisebåt til Geiranger laurdag 21. august. Bilde viser ein anan Mein Schiff-båt ved Hellesylt.

Etter snart to sesongar utan cruisebåtar til Hellesylt og Geiranger kjem det fleire anløp ut over hausten. Fyrste båt er venta til Geiranger laurdag 21. august.

-Stranda hamnevesen er glad for at anløpa som no er meldt ser ut til å kome, og vi håper at det ikkje kjem nye nedstengingar og avlyste anløp. Det skriv driftsleiar i Stranda hamnevesen KF, Inge Hole i ei melding i dag tysdag.

Fyrste anløp på nær to sesongar er venta til Geiranger laurdag 21. august. Til Hellesylt kjem Mein Schiff 1 som aller fyrste båt fredag 27. august

Oppdatert liste ligg på hamnevesenet sine sider:

https://www.stranda-hamnevesen.no/cruise-calls

Anløp, utflukter og aktivitetar går som planlagt sidan alle ombord i skipa er fullvaksinerte. Belegg ombord er ca 50 – 70 % av totalkapasitet.

-Det er viktig å få i gang cruisetrafikken no etter snart eitt og eit halvt år utan skip til Geiranger og Hellesylt. Det er viktig både for verdiskapinga, arbeidsplassar, sesongutviding og ikkje minst for å skape litt optimisme og framtidstru for alle som arbeider med reiseliv i Stranda, heiter det i meldinga frå Stranda hamnevesen.

Det kjem 25 anløp til Geiranger og 16 til Hellesylt. Sesongen vil vare heilt til desember, og på cruiselista står Hanseatic Spirit som siste båt til Geiranger 5. desember. Då har kan hende Verdsarvfjorden fått vinterkruna på.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380