4H-Storkurs på Åheim
Fyrste helga i september var 4H-medlemer frå heile Møre og Romsdal samla til Storkurs-samling i Vanylven med Elvablikk 4H og 4H Møre og Romsdal som vertskap.
Frå pressemelding 4H: Foto 4H
Storkurset er ei samling der 4H-medlemane i alder frå 12 år og oppover fekk vere med på mykje artige, spennande og lærerikt på Åheim. Samlinga var frå fredag til søndag.
Laurdag vart gjengen delt opp i fem grupper som fekk vere med på ulike aktivitetar. Nokre var på tur til Hjortefarmen på Nave og med hjorten på nært hald, andre hadde aktivitetar både på land og i sjøen.
Nokre framtidige kunstnarar prøvde seg på ulike male og teikneteknikkar med ein lokal kunstnar som instruktør, og der vart det laga mange flotte bilete.
Åheim er mest kjent for Olivinbedrifta Sibelco. Her valde nokre å prøve seg på steinsliping av forskjellige steinartar, og dei fekk besøke Steinsenteret og lære mykje meir om geologien rundt dette. Om dei ikkje var steingal før, blei dei det etter dette der det vart laga mange fine smykker mellom anna.
Vanylven klatre- og kajakk klubb stilte med ein flink og tolmodig klatre-instruktør som lærte frå seg noko til både erfarne og nybegynnarar i feltet. Det var ein sliten, men engasjert gjeng som hadde hatt det kjempekjekt på klatrekurs. I klatreveggen i Olivinhallen på Åheim fekk dei lære både klatring og sikring av kvarandre.
Vanylven klatre- og kajakk klubb stilte med to instruktørar til kajakk kurset. Her fekk ein lære å handtere kajakken, korleis ein skal opptre når ein ruller rundt og korleis ein skal redde seg sjølv og andre. Ei nyttig og kjekke økt.
På kveldane var det underhaldning og quiz. Stemninga var til å ta og føle på, og gjengen var strålande fornøgd. Ei flott 4H-helg frå arrangør og mange frivillige, og opplevingar for ungdom med «klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse».