Lokalnytt

Årets stamlaksopptak i Korsbrekkeelva i fåre.

Glenn W. Stadheim til høgre og Arne Korsbrekke har utført mykje godt kultiveringsarbeid og har gjort Korsbrekkeelva til ei av dei beste i landet. Dei håper Miljødirektoratet gjev positiv tilbakemelding. (Foto frå arkivet)

Kvar haust har elveeigarar og andre laksefiskarar fanga stamlaks i Korsbrekkeelva til utklekking av 100.000 yngel ved klekkeriet i Husøyna. I år fekk Korsbrekke elveeigarlag avslag på søknad om opptak, men har ankla avgjerda.

Leiar i Korsbrekke elveeigarlag, Glenn W. Stadheim er fortvila og skuffa over avslaget om opptak av stamlaks.
-I Korsbrekkeelva står mykje flott stamlaks frå Fløtehølen og heilt opp så langt laksen går, men i år kan det bli opphald i arbeidet som har blitt drive i alle år frå tidleg på 1930-talet. Vi forstår ikkje kvifor vi har fått avslag, for kultiveringsarbeidet har ikkje påvist å ha nokon form for negativ effekt på laksestamma,

Stamlaksen blir kontrollert

Alt arbeid vi utfører er gjort gratis, og laksen vi tek opp blir kontrollert gjennom gen-testar og skjellprøver så vi er 110 prosent sikre på at det er Korsbrekkelaks.
Nei dette skjønar vi lite av når vi veit at andre elvar i nærleiken får halde fram sitt kultiveringsarbeid som før, seier Glenn W. Stadheim.

Etterlyser svaret

Han fortel at det vart som vanleg søkt om opptak av stamlaks for klekking av 100.000 lakseyngel, men at Statsforvaltaren i Møre og Romsdal gav avslag. Elveeigarlaget påklaga avslaget skrifteleg, og Statsforvaltaren sende så saka over til Miljødirektoratet. Svar derifrå er ikkje kome, så Korsbrekke elveeigarlag sender no ei purring der dei bed om svar snarast.

-Tida går så det hastar med svar om vi skal få ta opp stamlaks denne hausten. Laksen må opp frå elva i alle fall i løpet av oktober. Nei, det «spøker» for stamlaksen i 2021 -sesongen, seier Glenn W. Stadheim.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380