Lokalnytt

Coop Marked inviterer til ny ryddedugnad

Hellesylt er ein vakker plass som vi må halde ryddig, meiner butikksjef ved Coop Marked Hellesylt, Michelle de Vries. Ho deler ut gratis hanskar og bossekkar til alle miljøryddarar. (Foto frå arkivet)

Som i 2019 inviterer Coop til årets ryddedugnad i september. Butikksjef Michelle de Vries ved Coop Marked Hellesylt håper kundar og andre frivillige blir med på årets miljødugnad.

I ei pressemelding frå Coop blir kundar, tilsette ved butikkane og andre invitert til å delta i den store ryddedugnaden av søppel i naturen. Då aksjonen vart gjennomført i 2019 rydda tusenvis av unge og eldre 80 tonn søppel over heile landet langs elvar, strender, på skulevegar og andre stader.

Ikkje mat for fisk og fuglar

– Plast på avvegar har blitt ei av dei største miljøutfordringane i vår tid. Alle har vi fått med oss bilda av fuglar og fisk med magen full av plast. Vi har alle eit ansvar for å bidra i oppryddinga, seier Per Løberg Eriksen, bærekraftansvarleg i Coop Norge.
Ryddeaksjonen vart den gong som i år gjennomført i samarbeid med Hold Norge Rent og Retura.

Får gratis ryddeutstyr

I perioden 11. til 19 september kan alle som ønskjer det hente ryddeutstyr i form av arbeidshanskar og sekkar hos alle 250 Coop-butikkane over heile landet.
Coop Nordvest har 34 butikkar, og her ligg mellom anna Coop Marked Hellesylt. Ta kontakt med butikksjef Michele de Vries for å få utlevert utstyr og informasjon om aksjonen.

 

Håper heile familien deltek

 

De Vries gleda seg stort til å møte frivillige som ønskjer å utgjere ein forskjell for sitt nærmiljø.

– Coop ryddar Norge er ein ryddeaksjon som engasjerer kundar i alle aldrar.  Vi håpar at våre medeigarar stille med alt ifrå barn, besteforeldre og vennar, og gjer søppelryddinga til ein skikkeleg sosial dugnad for nærmiljøet, seier ho.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380