Lokalnytt

Elevar engasjerte seg mot mobbing

Elevane ved Sunnylven skule var godt synlege då alle i småskulen og på mellomsteget gjekk «mobbemarsj» i sentrum av Hellesylt tysdag.

 Elevane på mellomsteget ved Sunnylven skule har den siste tida snakka om mobbing og overgrep mot andre. Det enda opp med ein mobbemarsje i Hellesylt sentrum med slagord mot mobbing.

På timeplanen i KRLE har elevane på mellomsteget ved Sunnylven skule hatt om mobbing og om tiltak mot plaging og overgrep mot andre. I læringstimane har det blitt snakka gjennom det som i ungdomsmiljø, men også mellom vaksne kan vere eit problem og følast ubehageleg og vanskeleg.

I Sunnylven er mobbing eit lite og nermast ukjent problem, men elevane engasjerte seg mykje i temaet likevel. Det er viktig å førebygge før eit ubehag dukkar opp. Dei ville arrangere ein marsj med tydeleg beskjed om at mobbing ikkje var greitt.

Med oppslag på butikkane inviterte elevane på mellomsteget ungdom, foreldre og besteforeldre til å delta i mobbemarsj i veke 38. Nokre vaksne kom, men oppslutnaden vart ikkje så stor som dei håpa på, det var midt i arbeidstida til dei fleste. Men alle elevar i klassene på småskulen og mellomsteget stilte på saman med sine lærarar med plakatar der slagorda var tydelege mot alle former for mobbing og plaging av andre.

Viktig læring og eit godt tiltak av skuleleiing og elevar ved Sunnylven skule.

Også dei yngste elevane stilte med plakatar og tydelege slagord mot mobbing. (Alle foto: Ruth Hole Aaland)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380