Fjellnamn i Vatnedalen

I enden av Vatnedalsvatnet ligg fjellet det er namnediskusjon om. Vi skimtar det svart og bratt i venstre bildekant.

Statens Kartverk ønskjer innspel frå Stranda kommune på uttale og skrivemåte på det 1450 meter høge fjellet i sørenden av Vatnedalsvatnet i Frøysadalen.

Statens Kartverk har fått innspel på at grensefjellet mellom Stryn og Stranda kommune i Vatnedalen har feil namn. Fjellet fekk i 2001 namnet Rasmusfjellet, men innsendaren meiner det skal heite Ramhusfjellet. Vedkomande grunngjev det med at fjellet er forma som ramen på eit hustak.

Petter Andreas Lillebø (1859 – 1942) skreiv bygdeboka for Sunnylven og Geiranger som kom ut fyrste gong i 1949. Der er fjellet kalla Ramusfjellet. Fjellet ligg i sørenden av det fleire kilometer lange Vatnedalsvatnet i Frøysadalen i Stranda kommune.

-Det heiter Ramusfjellet

Arne Frøysa er ein godt vaksen mann og har budd på Frøysa all si tid. Som bonde og husdyrbrukar har han mange turar i Vatnedalen.
-Vi måtte ikkje gå for nærme Ramusfjellet verken på fisketurar eller om det var dyr som skulle sankast. Fjellet er høgt, bratt og «svart», det ser nesten fårleg ut. Men det står der stødig som alltid, og namnet på fjellet er Ramusfjellet, noko anna har er ikkje høyrd, seier han.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380