Fjøsbesøk for Jenny Klinge

Jenny Klinge og Senterpartiet vil jobbe for at jordbruket og jobben som Jørgen Helset gjer blir verdsett og betalt.

Lønsemda i Norsk landbruk er på eit lavmål og snart i kneståande, hevdar næringa. No bed bøndene om at politikarane verdset arbeidet deira med timeløn på høgde med andre næringar.

Valkampen går mot slutten. I Stranda var Sp-politikar Jenny Klinge på besøk og møtt bønder for å få informasjon om utfordringar og lønsemd i jordbruksnæringa. Tysdag hadde Stranda senterparti invitert på fjøsbesøk hos bonde Jørgen Helset  i Sunnylven der også fleire andre husdyrbrukarar var møtt fram for å snakke med Kling. Ho fekk god informasjon.

Stort husdyrbruk

Husdyrbruket på Helset har eit tresifra antall storfe i fjøset og 40 vinterfora sau. Grovforet til buskapen blir skaffa frå eige bruk og gjennom leigejord, og dei 50 mjølkekyrne produserer vel 400.000 liter mjølk, fortalde brukar Jørgen Helset.

Pensjonisthjelp

Jørgen Helset eig garden saman med kona Lisbeth som har eigen jobb. No får han god hjelp frå far sin som har nådd pensjonistalder, men han kunne ha tenkt seg betaling for innsatsen på bruket på 3 årsverk som var fullverdig årsløn både for han og kona.
Vi spør om kva timebetalinga er, men det hadde han ikkje rekna på. -Den er neppe over 100.- kroner timen. Det er mykje arbeid heile året alle dagar både raude og svarte på kalendarenan, seier han.

Økonomien i norsk landbruk må opp om ikkje næringa skal døy ut i neste generasjon, vart det sagt. Både sjølforsyning av mat og ikkje minst stell av kulturlandskap for turistnæringa er viktige samfunnsbidrag frå jordbruket.

Mykje av praten  og spørsmåla til SP-politikar Jenny Klinge var kva og korleis inntekta i jordbruket kunne bli på høgde med andre næringar. Svaret med to strek under var ikkje lett å finne.

Politikar Jenny Klinge fekk sjå eit moderande fjøs på Helset med mjølkerobot og automatisk foring. Bonden må likevel vere på plass heile døgnet året rundt.

Jordbruk i heile landet

På spørsmål frå hellesylt.info var Jenny Klinge klar;
-Stem på Senterpartiet måndag. Kjem vi i posisjon skal vi gjere alt vi kan for å ta vare på både små og store bruk i heile landet, og gje bøndene ei timeløn på høgde med andre næringar. Om vi ikkje greier det frå fyrste dag er det målet vårt.

Mange snakkar

Sp sin fyrstekandidat frå Møre og Romsdal slo til lyd for at investeringsstøtta til alle bruk, også små og mellomstore måtte aukast. Det kjem nye krav til lausdrift og lenger frigang ute for husdyr noko som krev ombygging av driftsbygningar.
-Møre og Romsdal er eit grasfylke. Skal vi drive jordbruk her må det vere med husdyr, sa Klinge som hadde følelsen av at også andre parti forstod viktigheita av jordbruk og eigen matproduksjon og snakka jordbruket si sak meir enn før.

-Det er litt gale å håpe på krig og uår, men kanskje må det til for å få fram alvoret og få eit løft, sa Jørgen Helset.
-Staten kan nok gje litt for å auke lønsemda, men ein del må nok takast ut i prisar til forbrukar, trudde Petter Hjørungdal.

Vi må produsere maten vår sjølve meinte pensjonert bonde Fredrik Helset, lengst til venstre. Men lønsemda må opp, for elles sluttar også idealistane i næringa, sa han.

-Vi må produsere sjølve

«Gardsdrengen» Fredrik Helset håpa at noko vart gjort snart, for no måtte avskallinga i jordbruket stoppe opp.
-No er det berre idealistane som driv vidare, men mister vi dei også er jordbruket i krise. Og ut frå eit klimaperspektiv er det vel ei grense for kor lenge vi kan flyge inn mat frå utlandet. Vi må prøve å gjere oss sjølforsynte i staden for å «stele» maten frå dei som treng den meir enn vi.

«Det gode liv»

Dei firbeinte i fjøsen frå 2012 var lite opptekne av praten under fjøsbesøket, dei levde sitt eige gode liv. Annan kvar time kom forvogna og leverte grovforet, kraftforet fekk dei tildelt ved besøk i mjølkeroboten når mjølkespreng blei ubehageleg.
Og fjøsdøra stod alltid opa om Dagros og dei andre hadde lyst på ein tur ut i det fri og luftetur på eit stort jorde ved Helsetvatnet.

Også denne kalven tykte det var hyggeleg med ein stortingspolitikar som sette pris på norsk jordbruk

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380