Lokalnytt

Foreslår Stranda-ordførar som Landbruksminister

Jan Ove Tryggestad, ordførar i Stranda kan ha jobben som Landbruksminister i ei Støre-regjering, meiner Romsdal Budstikke.

Avisa Romsdal Budstikke har ordførar Jan Ove Tryggestad som kandidat til Landbruksminister-jobben i Jonas Gahr Støre si nye regjering. Ordføraren i Stranda tek forslaget med stor ro, men vil svare seriøst om telefonen ringer.

Senterpartiet og Arbeiderpartiet gjorde begge gode val under Stortingsvalet 13. september. Det vart tillit til å danne ny regjering, truleg med Jonas Gahr Støre (Ap) som statsminister. No har media starta spekulasjonar om personval til ministerpostar i den nye regjeringa.

Romsdal Budstikke har i avisa laurdag 18. september kome med heile tre gode kandidatar frå Møre og Romsdal til statsrådpostar. Ein av dei er Jan Ove Tryggestad (Sp) frå Hellesylt og ordførar i Stranda. Han blir tiltenkt jobben som Landbruksminister, etter Olaug Bollestad (Krf).

Avisa (RB) skriv at Tryggestad som også er bonde har markert seg som ein tydeleg fylkespolitikar med eigenskapar til å finne kompromiss. Tryggestad har styreerfaring frå bondeeigde TINE, og han er leiar i Sunnmøre regionråd. Skulle Sp ønske landbruksministeren er Tryggestad kandidat, skriv Romsdal Budstikke.

Jan Ove Tryggestad hadde leseavisa då vi ringde han for ein kommentar til forslaget. Han tok det med eit smil.
-Eg er først og fremst ordførar i Stranda no der eg ønskjer å gjere ein så bra jobb som råd. Å flytte til Oslo-bygda har eg ikkje hatt planer om eller tenkt på. Men skulle det mot formodning kome ein telefon med tilbod om eitt eller anna innafor politisk arbeid skal eg sjølvsagt vurdere det og svare seriøst. Så langt er det nok berre media sine tankar og spekulasjonar kring samansetjing av den nye regjeringa, seier Jan Ove Tryggestad

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380