Frivillig arbeid skal feirast i 2022
Kronprins Håkon blir den høge beskyttar av Frivilligheitens år 2022. Då skal personar i Norsk viktig lagarbeid feirast.
I 2022 er bestemt å vere Frivillighetens år, eit år der innsatsen til medlemene i lag og organisasjonar, aktivistar, gjevarar, friviljuge og støttespelarar skal markerast og feirast. Det er rett og slett Norges viktigaste lagsarbeid vi skal hylle, seier Aud Tomasgård Berstad i Stranda Frivilligsentral. Alt no er planlegging av lokale arrangement i alle bygdelaga i Stranda kommune i gang.
Vil verdsetje innsatsen
Starten på feiringa er 5. desember 2021 på FN sin dag for frivilligheit. Men før det skal alle lag og organisasjonar i Stranda og på Hellesylt bli invitert til orienteringsmøter.
-Frivilligheit er kultur. No ønskjer vi å få kartlagt kva lag og organisasjonar gjer, ikkje for å pålegge dei meir arbeid, men vise og verdsetje deira arbeidet. Det er berre å nemne store sommardagarrangement, Tv-aksjonar og liknande. Alt slikt arbeid kan ikkje betalast, men om vi ikkje hadde denne gratisdugnaden ville samfunnet bli mykje fattigare og falle i hop, seier Aud Tomasgard Berstad.
Kallar inn til orienteringsmøter
Ho nemner også egen nytten av å vere med, blir kjent med andre personar og det å gjere noko for samfunnet. Det gledelege er at dei som er aktive i friviljug arbeid ofte held fram å vere aktive, seier ho.
Ei gruppe på fem personar, Aud Tomasgard Berstad, Marianne Fivelstad, Lasse Døving, Margrethe Fjetland og Elisabeth Opsvik har hatt møte og snakka litt rundt opplegg for markering av Frivilligheitens år 2022.
Det vil bli kalle inn til orienteringsmøte for lag og organisasjonar, på Stranda torsdag 23. september og på Hellesylt torsdag 30. september.
Mykje aktivitet på friviljug basis
Frivilligheitsåret 2022 blir arrangert ut frå intensjonane som Frivilligheitsmeldinga av desember 2018 byggjer på. Det skal vere fokus på friviljugheit, hjørnesteinen i den norske samfunnsmodellen der mykje av aktivitetane skjer på friviljug basis i lokalsamfunn landet over.
Markeringane i Frivilligheitas år blir styrt av FrivilliheitNorge og ei prosjektgruppe med Birgitte Brekke som leiar. Dei overordna måla er:
*Få fleire nye med i friviljugheit
*Gjere fleire arenaer tilgjengelege
*Skape større kjennskap til meirverdien friviljug arbeid gjer for det norske samfunn