LokalnyttLokalsport

G 13 vann mot Larsnes

G13-laget til Sunnylven kunne juble for solid siger mot Larsnes. Bak frå venstre trenar Eivind Louis Helset, vidare Ari, Markus, Trym, Oskar, Ingeborg.
Framme frå v: David, Tonje, Kristen. Spelarar som manglar på bildet: Sune, Johannes og Sander.

Fotballkampen på Hellesylt stadion mellom Sunnylven G13 og Larsnes enda med heimesiger 5-2. Ved pause var stillinga 3-0.

Heimelaget hadde litt få spelarar til kampen grunna reise og skader, så difor fekk to frå J13-laget plass og speletid mot Larsnes. Både dei og resten av laget leverte ein god kamp der sigeren aldri var trua. Resultatet var nok ei fin oppmuntring etter at laget gjekk på tap 8-5 borte mot Vartdal sist veke.
God dommar i kampen på Hellesylt stadion var Odd Even Svindseth, VRF.

Sunnylven G13 ligg på 3. plass på tabellen etter to kampar.
Neste fotballkamp for Sunnylven G13 er mot Herd 2 borte torsdag 9. september, og heime på Hellesylt stadion torsdag 16. september mot Åmdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380