Godt besøkt Sunnylven kyrkje søndag

Familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje opna med prosesjon av konfirmantar, barnehage og dåpsfølgje.

Eg blir så glad, så glad når eg ser deg, lydde teksta i songen som Kristin Storstein og Eirin Syversen song til velkomst under innmarsjen til familiegudstenesta i Sunnylven kyrkje. Ei gudsteneste med både dåp, nattverd, presentasjon og utdeling av «Mi kyrkjebok»,

Prestevikar Ann Kristin Langeland ønskje vel møtt til gudstenesta søndag, som også var årets hausttakkefest i kyrkja. Det var så mange ting som skulle skje denne preikedagen at ho føretok opprop for å forvisse seg om at alle som skulle var til stades.
Det var dei, både 4-åringar og 6-åringar som skulle få «Mi kyrkjebok», neste års konfirmantar var på plass og ikkje minst dåpsfølgje til vesle Ida.

For fyrste gong på eit og eit halvt år kunne alle kyrkjebenkar brukast søndag, og frammøtet var godt.
-Eg blir så glad når eg ser dokke alle i kyrkja, borna, konfirmantane, vesle Ida, og eg blir så glad når eg ser kor vakkert kyrkja er pynta av vekster frå naturen, sa prestevikar Ann Kristin. I preika snakka ho om korleis Gud hadde skapt det heile, jorda, himmelen, havet, lys og stjerner. Og så til slutt alt liv og menneska som skulle passe på det heile.
-Vi må passe på å ikkje øydelegge alt det fine vi har fått, og vi må huske på å takke for alt, difor har vi hausttakkefest i kyrkja i dag, sa Langeland som takka Bygdekvinnelaget for at dei kvart år stiller på og pyntar kyrkja til denne søndagen.

Her er neste års konfirmantar i Sunnylven. Framme frå venstre Tonje. Marie, Sofie, Kristin.
Bak frå v: Selma David, Linus, Johannes

«Mi kyrkjebok» er ein del av trusopplæringsopplegget, sa Ann Kristin Langeland. Søndag hadde ho med bøker til tre 4-åringar, og fire 6-åringar.
Så vart neste års konfirmantar presentert og dei var åtte; Selma Sjåstad Hole, David Røyrhus, Linus Frøysa, Johannes Friestad, Tonje Støverstein, Sofie Kjellstad, Kristin Langeland, Marie Storstein Forbord.

Å vere tilbake til det «normale» i Sunnylven kyrkje var nok godt for mange. Og eit faktum ein reporter med litt svekka hørsel konstaterte var at det var god lyd i høgtalarane kyrkja, betre enn tidlegare.
I gudsteneste helsa Ann Kristin Langeland og las velsigninga både på norsk og tysk etter som det i Ida sitt dåpsfølgje også var tyske gjestar.
Kristin Storstein og Eirin Syversen leia salmesongen på ein vakker måte, og ved orgelet gjorde Gunnar Inge Eide stødig jobb som alltid.

Eirin Syversen t.v. og Kristin Storstein.

Prestevikar Ann Kristin Langeland bar fram helsing og velsigninga både på norsk og tysk i gudstenesta søndag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380