Jentelaget tapte for Hødd2

I ein til tider fysisk tøff kamp tapte J13-laget til Sunnylven 4 – 11 mot Hødd 2 på Hellesylt stadion tysdag kveld. Ved pause var stillinga 3 – 9.

Det var knapt gått minuttet før gjestane frå Ulsteinvik skora. Men Sunnylven slo tilbake og leia ei stund 3-1 før dei blå starta å skåre jamt og trutt, spesielt i siste kvarteret av fyrste omgang rann måla inn, og laga tok kvile på 3-9.

I andre omgang gjorde Sunnylven rokkeringar i forsvaret og omgangen vart mindre målrik. Heimelaget skåra fyrst til 4-9 etter 17 minutt, men så kom to nye mål til Hødd 2 som vann kampen til slutt 11-4.

Det var harde tak i kampen tysdag med fysisk tøft spel og ufine kommentar. Dommar Odd Even Svindseth, VRF leia kampen godt, og viste mynde i andre omgang etter at ein Hødd-spelar slo motstandar i ansiktet. Kanskje var ikkje slaget bevisst, men slag er slag, sa Svindseth til hellesylt.info etter kampen. Utvisinga førte til reaksjonar frå gjestane sin trenar, men det heile roa seg etter kvart.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380