Potetballdag på Hægstad Gård

Torsdag 16. september blir det servering av potetball med tilbehør på Hægstad Gård. Det er Sunnylven pensjonistlag og drivarane ved Geiranger Bakeri på Hellesylt som inviterer.

Sunnylven pensjonistlag bles liv i tradisjonen med balldag på Hægstad Gård på torsdag 16. september.
I samarbeid med Geiranger Bakeri skal det bli bra, seier leiaren i pensjonistlaget Astrid Langeland. Ho har gjort avtale med kokk Anders Adolfsson og er sikker på at det skal bli eit velsmakande måltid med tradisjonelle gòsaker til.
Til potetballen med mør frå Ringdal føl også saltkjøtt, pølse, bacon, poteter og kålrot.

Prisen blir kr.165.- pr. person. I tillegg kjem betaling for surmjølk / kefir til den som ønskjer det.
Medlemane i Sunnylven pensjonistlag blir servert mellom klokka 13.00 og 14.30.
Frå 14.30 er det ope for alle andre som ønskjer å kjøpe potetballmiddag på Hægstad Gård.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380