Program med Erle i NRK Super

Gjennom det siste året har eit TV-team følgd ni år gamle Erle Kvamme Rusten i skyting for å lage eit Tv-program for NRK Super. No er programmet ferdig og er presentert på NRK Nett-tv.

Erle Kvamme Rusten er aktiv. Ho går langrenn om vinteren og spelar fotball på J10-laget til Sunnylven om sommaren. Men skyting er også kjekt, og i programmet «Eg går på» som er laga for NRK Super får vi følgje Erle på minityrbana til skyttarlaget i bygda der Ola Vangen instruerer, ho er på hjortejakt og revejakt saman med mor Hanne, og ho skyt på blink etter kyndig rettleiing i våpenbruk av far Tore. Til slutt blir det konkurranse på den store skytebana til Sunnylven skyttarlag saman med fleire venner.

Eit triveleg program i lag med med Erle, foreldre, storesøster Tora og mange av vennane som du kan sjå på lenka under:

https://nrksuper.no/serie/eg-gaar-paa/DVSF65002721/sesong-2/episode-8

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380