Registrerer skadar på blåbærlyng

Våren 2020 vart ni prøveflater i Stranda kommune gjerda inne for å måle skaden på blåbærlyng som følge av hjort og vinterbeiting. Resultata varierte frå nesten ingen til betydeleg skade, viser undersøkinga.
Det er Asbjørn Kvam Karbø som har jobba med undersøkinga kring skaden hjort gjer på blåbærlyng. No har han lagt fram ein rapport frå målingar frå ni prøvefelt gjennom året og vinteren 2020/21.
Prøveflater på Nybø, Kirkebakken, Hauge, Frøysa 1, og Frøysa 2 i Sunnylven, Hessgjerdet 1, og Hessgjerdet 2 i Stranda, og Ringset og Overå i Liabygda var på to gange to meter og gjerda inne med hjortesikre gjerde. På den måten kunne blåbærlyngen kontrollerast innafor og utanfor innhegninga.
Betydeleg skade
Rapporten viser stor skilnad på beitetrykket ved dei ni områda med nedbeita lyng utanfor innhegninga ved Nybø, Hauge, Frøysa 1 og dei to prøveflatene ved Hessgjerdet, og mindre skade ved Frøysa 2. og Kirkebakken. I Liabygda ved Ringset og Overå vart det ikkje registrert skade av hjortebeiting i det heile.
Overraskande resultat
-Begge områda (i Liabygda) har svært mykje blåbærlyng, og framstår som tidlegare sterkt beita område. I år var det derimot absolutt ingen teikn til hjortebeiting. Til og med skot frå rognetre har klart seg gjennom vinteren utanfor innhegninga. Det ser dermed ut til at desse områda ikkje har hatt beitande hjort i vinter, skriv Karbø i rapporten.
Utdanna innan naturforvaltning
Asbjørn Kvam Karbø har utført denne undersøkinga på vegne av Stranda kommune.
-Arbeidet vil halde fram tre fire år til for å få eit meir sikkert svar. For det er ikkje berre hjort som beiter på blåbærlyng, både husdyr og andre forsyner seg av denne planta, seier han.
Karbø har ei solid utdanning innan fiske, vilt og naturforvaltning etter skule i tre år ved Evenstad og to år ved Landbrukshøgskulen på Ås.
Den siste tida har han jobba i eit vikariat i Sarpsborg innan miljø.
-Grunna korona har det blitt jobbing frå heimekontor på Karbø, men no opnar det seg opp etter kvart så då blir det tur til Østfold.
Men aller fyrst etter samtalen vår på 1. september var det tur i skogen og hjortejakt.