Røystestader til Stortingsvalet i Stranda kommune

Grunna renovering av Sunnylven skule / samfunnshus er røystestaden i Sunnylven måndag 13. september flytta frå samfunnshuset til Hægstad Gård.

Det nærmar seg valdag for Stortingsvalet 2021.

Om ein ikkje har førehandsrøysta er måndag 13. september siste valdag for å avgje stemme på eitt av 18 parti som stiller liste i Møre og Romsdal. I Ringstad krins kan ein røyste også søndag 12. september.

Dette er røystestadane i Stranda kommune måndag 13. september:

Liabygda: Trollstova kl. 12.00 – 18.00

Ringstad i Storfjord kulturhus
Søndag 12/9 : kl. 15.00 – 19.00
Måndag 13/9: kl. 09.00 – 20.00

Hellesylt: Hægstad Gård: kl. 09.00 – 18.00

Maråk: Norsk Fjordsenter kl. 09.00 – 16.00

Hugs legitimasjon. Ta gjerne med valkortet.
Stemmerett til Stortingsvalet har alle over 18 år, budd i Norge dei siste tre åra, er norske statsborgarar, er folkeregistrert og ikkje mista stemmeretten, i følge Wikipedia.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380