Saniteten si veke

Tema for saniteten si veke i år er kvinnehelse. I veke 39. markerer Sunnylven sanitetslag veka på fleire måtar, både born, unge og eldre blir gjord stas på med gåver, servering og på andre måtar.
Hilde Langlo Brekke er leiar for aktive Sunnylven sanitetslag. Når saniteten si veke skal markerast frå 27. september til 2. oktober skal laget gjennomføre mange aktivitetar for både born, unge og eldre. Her er noko av det som skal skje på Hellesylt.
Tysdag 28. september inviterer Sunnylven sanitetslag til strikkekveld på Hægstad Gård. Alle som har lyst er velkomne til å ta med seg strikketøyet for å strikke til seg sjølv eller andre. Ein kan også hekle ting eller gjere anna handarbeid om det høver betre, opplyser leiinga i laget.
Dette er den fyrste av fem strikkekveldar i haust, og samling er både for medlemer og alle andre.
Onsdag 29. september diskar sanitetslaget opp med kveldsmat på Sunnylven omsorgssenter til alle bebuarane. Der blir det servert smørbrød med variert og godt pålegg.
I Sunnylven sanitetslag er det også tradisjon i saniteten si veke at laget deler ut ein handduk til kvar av elevane i fyrste klasse med logo og eleven sitt namn.
Medlemer i laget stiller også som Lesevenn på småskulesteget, ein basisaktivitet i Saniteten, fortel Hilde Langlo Brekke.
Ein betre alderdom
Årleg støttar Norske Kvinners sanitetsforening forsking på kvinnesjukdomar med frå 7.0 til 11.0 mill. kroner. Mykje er «upløgd mark» så forskinga held fram, men mykje kan også forebyggjast gjennom å vere aktiv, både personleg og i fellesskap med andre, skriv professor og eldreforskar Pettina Husebø ved universitetet i Bergen. I ein artikkel i medlemsbladet Fredrikke peikar ho på fleire ting den einskilde kan gjere for å få gode dagar langt inn i alderdommen.
-Lev eit aktivt liv, både fysisk, sosialt og mentalt. For å vere aktiv treng ein ikkje starte med løping om ein ikkje har gjort det før. Gjer det som gjev deg eit kick, skriv ho.
– Gå på konsert og i teater, besøk venner og tren gjerne litt styrke og yoga. Å vere aktiv innan friviljuge lag og organisasjonar er sunt. Vi veit at det å gjere noko godt for andre gjer godt for ein sjølv, skriv Bettina Husebø mellom anna.