Skjorer ordnar mosefri plen

Skjorene jobbar flittig, men stikk seg bort når dei ser framande personar. (Foto: Lars Fivelstad)

Arne Korsbrekke treng ikkje kjøpe mosefjernar, han får ein av dei finaste plenane ved huset sitt likevel. Det syter to skjorer for.

I to veker har to skjorer hatt tilhald på plenen til Arne Korsbrekke. Plenen var som andre etter nokre år, litt gras og litt mose, men ikkje no lenger. Her har dei skvatra og jobba og hakka opp mosen av ein eller annan grunn. Det må vel seiast at dei har gjort nytte for seg.

I hagen til Korsbrekke er det snart berre plengras igjen, for etter iherdig jobbing av skjorene har Arne køyrt vegg to store traktorskuffe med mose tidlegare, og måndag denne veka rakar han saman for å køyre vekk ei ny traktorskuffe.

-Her er fleire skjorer også, men det er berre to som jobbar med å nappe opp mose. Kva dei finn i plenen som dei likar så godt veit eg ikkje. Eg har ikkje gjødsla med noko spesielt i hagen heller, berre litt kunstgjødsel. Men har dei glede av det skal dei gjerne få plukke ut mosen i plenen og eg skal køyre det vekk, seier Arne.

Han «leiger» gjerne ut skjorene til andre som vil ha pynta opp plenen sin, men dei må hente  skjorene sjølve, seier han. Det blir nok ikkje lett, for sjølv om dei er vande med pleneigaren er dei sky for framande. Vår fotograf fekk likevel bilde av ei som prøvde å gøyme seg under ein stol.

Arne Korsbrekke har raka saman to nye dungar mose som han skal køyre vekk.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380