Spanande potetopptaking

Etter ein fin sommar og god vekst var det tid for potetopptaking på Storstein. Til å få Astrix-potetene i kasser fekk vi hjelp av born frå Sunnylven barnehage.
Det var ein ivrig gjeng potetplukkarar som kom frå Trollhola barnehage. I alt 13 born delt i to puljer tok del i arbeidet som gjekk unna i ei viss fart.Åkeren med Astrix-poteter skulle haustast dagen etter. Då skulle det brukast motorisert utstyr for å få potetene opp av jorda, men «arbeidarane» frå barnehagen brukte grevet. Og det var mykje spanande å sjå kor mange og store poteter som kom opp av jorda for kvart tak med grevet. Det var mange i år, avlinga var god.
I år var det tredje gongen Åse Støverstein og Kenneth André Hole, begge tilsett i Sunnylven barnehage tok med seg den eldste gruppa til potetopptaking i åker på Storstein.
-Vi som vertskap synest dette er triveleg å få barnehagen på besøk og at det gjerne må halde fram også dei neste åra. Dei er alltid hyggelege og det kjem alltid gode kommentarar, både uventa og mange. Eg fekk eksempelvis spørsmål om ;–«kvifor har du så lite hår på hovudet?». Kva skal ein svare då? – «Eg har vore ulydig og blitt lugga», svara eg. Det svaret trudde dei ikkje. «Du har klipt deg», var deira forklaring.
Etter eit par timar var besøket over. Tilbake stod tolv kasser fulle med Astrix-poteter. Godt jobba.