Stadnamn og språkbruk – viktig for kultur og identitet
Hellesylt og Hægstad Gård er arena når Stranda mållag inviterer til eit møte der stadnamn og lokal språkbruk er hovudtema.
Pressemelding frå Stranda mållag
-Stadnamna er ein viktig del av kulturarven, seier leiar for Stranda mållag, Anders Folkestad. Dei er ein viktig del av historia og den lokale språkbruken, og er med på å skape identitet og tilhøyrsle, legg han til.
Hovudinnleiar på møtet torsdag 7. oktober er lektor Odd Normann Hoff. Han vil snakke om « stadnamn og språkbruk langs fjorden». Hoff har stor kunnskap både om stadnamna og historia bak dei. Dessutan kjenner han lokalmiljøet svært godt.
Leiar i Sunnmøre mållag, Ingebjørg Røyrhus Øyehaug, vil halde innlegg om verdien av språkbruk og lokal identitet.
Møtet på Hægstad Gård, Hellesylt klokka 19.30 er ope for alle, og det er høve til spørsmål og kommentarar. Enkel servering.


Arrangementet er støtta av Gjensidige Indre Sunnmøre