Sunnylven G13 vann 6-3 over Vanylven

Sunnylven G13 har funne haustforma. Torsdag vann laget 6-3 over Vanylven på bortebane etter 1-1 ved pause.

I kampen mot Vanylven var laget fulltallig og hadde Ari og David i mål kvar sin omgang. Laget har ikkje fast målmann og rullerar på burvaktjobben mellom fleire av spelarane.
Sunnylven møtte eit godt lag som tok leiinga, men før kvilen utlikna Trym til 1-1.

Den lange reisa verka kan hende inn på spelarane frå Sunnylven i fyrste omgang, men i andre vart det meir fart. Dei raude og blå tok meir og meir over og leia kampen heile omgangen igjennom og vann klart 6-3. Ari skåra tre mål, Oskar og Trym eitt mål kvar.

Laget fullførte med god innsats og viste mykje bra spel, konkluderte trenar Eivind Louis Helset.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380