Lokalnytt

Sunnylven skule klar til overlevering i desember

Rehabilitering av Sunnylven skule går som planlagt. I desember blir det overlevering frå entreprenør til byggherre.

Rehabiliteringa av Sunnylven skule går etter planen. Alt no er 14. desember bestemt som dato for overlevering etter kontraktarbeid.

Med anleggsleiar Geir Frøysa fekk vi omvising i «nye» Sunnylven skule, eit læringsbygg som det siste året har blitt renovert.
Arbeidet går raskt framover så elevar og lærarar kan starte skuleåret 2022 i det nye askulebygget, lovar Geir Frøysa. I alt 12 arbeidarar, tømrarar, rørleggarar, elktrikarar og målarar jobba i bygget då hellesylt.info var innom.

I dei to etasjane er alle rom inndelt og veggar ferdig måla i lyse fargar. Enno manglar det golvbelegg og dører, men det kjem snart, og det nærma seg montering av himlingar. Her var det meste av teknisk utstyr alt på plass.
Men før noko blir lukka skal det leigast inn eit reinhaldsfirma som skal fjerne og vaske vekk det som skulle vere av støv. Bransjen seier at det skal vere RTB (reint tørt bygg) før himlingen blir lukka, og HT Bygg føl forskrifter her til punkt og prikke, seier Geir Frøysa.

Snart skal alle himlingar lukkast
Teknisk utstyr er montert på plass, ser anleggsleiar Geir Frøysa.

Det blir ein ny skuledag for elevar og lærarar i «nye» Sunnylven skule. Ikkje minst har inngangspartiet fått ny og praktisk løysing. Ein transformator som tidlegare stod inne i bygget er flytta ut og uverskuret er bygd inne med toalett og garderober for elevane.

Utvendig står stilasen framleis rundt heile skulen, men her er arbeidet snart ferdig. Og skulen er ikkje til å kjenne igjen. I staden for flatt tak og problema som var med vasslekkasjar har bygget fått mønetak, alle glas er bytta ut og utvendig er det kledd med Steni-plater med spreke fargar. Eit felt på veggane har fått anna brannhemmande materiale i ein mørkare farge.

-Fargeval og kombinasjonar er gjort av arkitekt og prosjektleiar i fellesskap. Eg synes dei har lukkast og gjort gode val, og kommentar frå publikum har også vore berre positive. Det har blitt eit bygg som minner om eit skulebygg og ikkje eit næringsbygg, seier Geir Frøysa.

Når det gjeld det økonomiske med renoveringa er det innafor det budsjetterte. Det kom ei tilleggsløyving for nye garderober som ikkje var med i dei opphavelege planane, men elles ingen overskridingar, seier Frøysa.

«Nye» Sunnylven skule står fram i spreke fargar, og i mørkt brannhemmande materiale.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380