Sunnylven tapte J13-kampen mot Hasundgot

Etter frisk opning og leiing 1-0 for heimelaget vart J13-kampen på Hellesylt stadion dominert av jentene frå Hasundgot. Kampen enda 3-12 etter 2-9 ved pause.
På ein flott haustkveld med nær 20 pluss møtte Sunnylven J13 tabelleiaren Hasundgot på Hellesylt stadion. Jentene i rødt og blått opna friskt og tok leiinga 1-0 ved Kristin Langeland. Men gjestane utlikna og like etter gjekk dei i leiing, før Kristin sette sitt andre i mål for heimelaget. Men då vart det bråstopp for Sunnylven, men laget frå Ulsteinvik heldt fram å skore til 9-2 ved pause.
I andre halvdel viste Sunnylven god innsats igjen sjølv om Hasundgot med fleire overårige og spelar frå damelaget var best. Laget vann omgangen 3-1 og kampen 12-3. Sunnylven sitt siste mål kom ved Ingeborg Fivelstad Stadheim.
God dommar var som vanleg Odd Even Svindseth, VRF.