Tid for innlevering av trimskjema

Trimposten ved Nedstevatnet ved Flofjellvegen er ein av dei 25 postane til Sunnylven IL som har flest registreringar.

Trimgruppa i Sunnylven IL minner om at det snart er siste frist for å levere inn skjema for fjelltrimmen 2021. Alle som leverer skjema er med i trekning av premiar.

Som vanleg kan trimskjema leverast i eiga kasse på Coop Marked på Hellesylt. Innleveringsfrist er sett til midten av oktober, og premiefesten blir i slutten av november, melder trimgruppa.

Kvart år har trimgruppa delt ut gåvekort etter loddtrekning til ivrige fjelltrimmarar.
I 2020 vart det trekt vinnarar i desse kategoriar:

Born alle postar, verdi 500.- kroner
Born meir enn ti postar, verdi 300 kroner
Born, levert trimskjema, verdi 200.- kroner
Vaksne alle postar, verdi 500.- kroner
Vaksne meir enn ti postar, verdi 300.- kroner
Levert trimskjema, verdi 200.- kroner

Trimbøkene kjem igjen

Truleg blir det slik også i år, men for å vere med i trekninga må ein levere trimskjema. Det er ikkje nok med registrering på Georeg.

Trimgruppa melder også at frå og med trimåret 2021 / 2022 blir trimbøkene lagde ut igjen på postane der ein kan noterast besøk. Nye trimskjema for eit nytt trimår er å få kjøpt på Coop Marked, Hellesylt.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380