Tilsett tok fagbrev og fekk kakefest

Per Ove Frøysa, ein av mange tilsett ved Ole Ringdal AS har avlagt fagprøve i Industriell matproduksjon. Denne veka feira bedrifta sin nye fagmann med kake saman med hundre andre tilsette.
Det var 1. september 2009 at Per Ove Frøysa hadde sin fyrste arbeidsdag ved kjøttvarebedrifta Ole Ringdal på Hellesylt. Der har han gått gradene og jobbar no ved avdelinga for pølse og farseproduksjonen.
Heimebasert kurs
Sjølv om arbeidet og oppskrifter i produksjonen er innarbeida gjennom mange år er det godt å ha eit fagbrev. Det gjev tryggheit i arbeidet og styrkjer sjølvtilliten. Og så gjev det nokre kroner ekstra på lønnskontoen, seier han.
Grunna korona-epidemien kom det støtteordningar til fleire ting, også til kursing av fagfolk innan matproduksjon. Per Ove Frøysa melde seg på NNN sitt nettbaserte kurset som gjekk over to kveldar i veka i åtte veker. Kurset vart gjennomført over video og e-post til heimekontor så han slapp å reise. Det var ein grei måte å lære på, tykte han.
Svennebrev
Frøysa er ein av over 20 som har blitt uteksaminert med fagbrev ved Ole Ringdal AS. Ein av dei fyrste med fagpapira i orden og som framleis jobbar der 40 år etter er pølsemaker Bjørn Tryggestad. Den gong han avla eksamen heitte det svennebrev og var enno meir omfattande enn i dag, fortel han.
Stor kakefest
Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal er svært glad for at tilsette vel å ta kurs og skaffe seg fagbrev.
-Det er kjempeviktig å ha både teori og praksis, det styrke bedrifta både i omdømme og produksjon av kvalitetsprodukt. Eg vil berre oppfordre alle som kan om å melde seg på kurs og ta fagbrev.
Nyleg feira bedrifta sin hittil siste fagarbeidar med kake, ikkje berre ei, men to store kaker vart sett fram.
-Vi er mange no i haustslaktinga og vi ønska at alle skulle få vere med på kakefesten for Per Ove, sa Ole A. Ringdal.