Vann alle kampar på miniturnering

Sunnylven J08 kunne smile etter flott innsats i miniturnering. Dei vann alle sine kampar. Frå venstre: Alma, Ane, Johanna, Sofia, Erle, Saga Emilie, Emma og Jeshan.

Fotballen rullar Sunnylven sin veg om dagen. Laurdag har J 08 vore ute og spela turneringsfotball og gjort det svært så bra.

Turneringa gjekk føre seg i Spjelkavik og J 08 spela tre kampar, mot MSIL, Guard og Aksla og vann alle. Kjempeflott innsats fra alle, og flott gjennomført turnering, seier Kim Sture Flo til hellesylt.info.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380