Lokalnytt

Årsavslutning i 4H-klubbane

Sist Fjellrosa 4H arrangerte haustfest med program, servering og utmerkingar var i 2019. Kanskje blir alt som før neste år? (Foto frå arkivet)

I oktober arrangerer fleire 4H-klubbane haustfestar rundt om i Møre og Romsdal. Fjellrosa 4H i Sunnylven kan ikkje arrangere haustfest i år heller. Grunnen er mangel på lokale.

I Møre og Romsdal er det 35 4H-klubbar med til saman 600 medlemer. Når hausten kjem er tida inne for å stille ut arbeidsoppgåver dei har jobba med gjennom året, og invitere til haustfest med program, bevertning og utdeling av merker med diplom.

Ikkje haustfest i Fjellrosa 4H

I Fjellrosa 4H i Sunnylven har det vore god aktivitet sjølv om koronaepidemien har sett sine begrensingar. Klubben har hatt mange aktivitetsdagar og medlemane har jobba med arbeidsoppgåvene sine. No er det tid for vurdering og utdeling av utmerkingar, men tradisjonell haustfest blir det ikkje denne hausten heller. Mangel på eigna lokale i bygda no når renovering av Sunnylven skule pågår, er årsaka.
-Vi feirer oss sjølve på vår måte i år og kjem sterkare tilbake neste år, seier Silje Kristin Stadheim som er åleine klubbrådgjevar i Fjellosa 4H. Ho hadde nok ønska seg eit par medhjelparar i jobben. Men oppgåvene blir levert inn og vurdert så medlemane får sine utmerkingar i år som vanleg, seier ho

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380