Lokalnytt

Årsbeste av G13 i siste seriekamp

Sunnylven G13 har hatt knapt med spelarar til eit par kampar og har «lånt» frå J13-laget, fortel trenar Eivind Louis Helset (t.v.) Her frå kamp mot Larsnes som enda med siger 5-2.

Onsdag spela Sunnylven G13 siste seriekamp denne sesongen. Den enda med ein nallsterk 6-4 siger over Volda 3.

Sunnylven G13 enda på 6. plass i si avdeling i årets fotballserie med 13 poeng, 4 sigrar, ein uavgjort og 4 tap. I målprotokollen står det 43-54.
Treningsframmøtet gjennom sesongen har vore bra, men laget har hatt knapt med spelarar til nokre av dei ni kampane og har «lånt» frå J13. Det har gått bra, seier trenar for laget Eivind Louis Helset. Han vedgår at han har vore litt nervøs i møte med sterke lag som Hødd, Herd og Volda, men gutane har kjempa og levert gode kampar, seier han når han fortel frå kampen på Hellesylt stadion onsdag;

-Sunnylven G13 har mangla ein fast keeper og mot Volda3 var det Oskar og Johannes som vakta buret kvar sin omgang. Med vått føre skyt ballen fart, noko som spela laget eit puss fleire gonger onsdag. Volda 3 gjekk opp i 2-0 leiing alt etter seks minutt. Men heimelaget kom tilbake i kampen med skoring av Ari og Trym halvvegs i omgangen.
Håpet var tent, men så kom nytt mål til gjestane, før Sander utlikna. Igjen tok Volda 3 leiinga før David utlikna til 4-4 som var pauseresultatet.

-I pausen bad eg spelarane halde fram spelet sitt. Då ville sjansane og måla kome, og det gjorde dei.
Vi var både dyktige og heldige i andre omgang der vi vart «redda» av ein god Johannes i mål og også av tverrstonga og stolpane på målgrinda.

Framover skapte vi også store sjansar og i det 64. minutt sende David heimelaget i raudt og blått i leiinga. Og i nest siste speleminutt vart sigeren fastsett til 6-4 med nok ei skåring av Sunnylven og Trym.
Domar i kampen var Odd Even Svindseth, VRF.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380