Attval i Sunnylven Bondelag

Valnemnda hadde ein lett jobb i Sunnylven Bondelag i år. Heile hovudstyre tok attval, og for andre tillitsvalde vart det små endringar.
Peder Hellebostad er leiar i Sunnylven Bondelag. Han ønska vel møtt til 25 av laget sine 63 medlemer på Tronstad grendahus fredag kveld. Årsmøtesakene gjekk raskt unna, -eg har funne igjen møteklubba til årsmøtet, sa han.
Gjest på årsmøtet var Audun Skjervøy frå Valldal, tilflytta til Fjord-bygda for mange år sidan der han dyrkar bær og grønnsaker.
Skjervøy sa at Norges bondelaget var positiv til den nye regjeringa, at det var mykje bra i Hurdalsplattforma. Det var eit godt utgangspunkt for det som måtte skje i norsk landbruk.
Skjervøy sa at bondelaget var lite nøgd med landbrukspolitikken Solberg-regjeringa førte i åtte år.
At ein landbruksminister kan «øydelegge» for utviklinga av landbruket og etter to år gå over i andre ministerpostar var merkeleg, meinte Skjervøy.
Inntektsgapet
Den nye regjeringa har lova å legge fram ein plan og arbeide for å tettar inntektsgapet til andre grupper. Bondelaget er kome i møte på fleire punkt, mellom anna blir det jobba for at investeringsstøtte skal gå utanom jordbruksavtalen. Også kvote -og arealleige vil bli teke opp til drøfting.
Debatten vart teknisk
Skjervøy var også innom dette med importvern. Det må ikkje bli svekka, heller styrka og gjelde for fleire landbruksvarer enn i dag, meinte han.
-Men det vil nok også kome forslag som vil bli negativt motteke av bondelaget, mellom dei er signal om eit tak på 500.000 liter på mjølkekvoter.
Etter innlegget vart det ein del meiningsutveksling mellom dei frammøtte om ein del reglar, krav og innsatsfaktorar og med tal og forventa kompensasjon som blei litt teknisk og vanskeleg å forstå.
Orienterte om klima og miljøplan
Næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal orienterte til slutt på årsmøtet frå den nye klima og miljøplanen i kommunen. Spesielt tok han fram ideen kring bygging av eit biogassanlegg i Sunnylven eller på Hellesylt, og der fleire bedrifter i nærområdet kunne levere sitt avfall. Eit spanande prosjekt som også mange andre hadde lukkast å få til, sa Bjørdal.
Han var også innom andre punkt i klima og miljøplanen, som solcelle, vegitasjonssoner og reglar for dyrking av myrjord.
Smak av julemeny
Som tradisjonen er på årsmøte i Sunnylven bondelaget vart det servert julemat med pinnekjøtt, ribbe, pølse og alt anna som høyrer med. Desserten som kokkene i grenda baud fram var kaffi og riskrem. Eit velsmakande måltid.
Val
Val av hovudstyre.
Leiar: Peder Hellebostad (attval)
Nestleiar: Peder Rune Tronstad
Kasserar: Jørgen Helset
Skrivar: Jørn Stadheim
Studieleiar: Kurt Erik Sundgot (attval)
Skulekontakt: Gunnhild Liva Foldal (attval)
Varamedlemer: 1. Astrid T. Dyrkorn. 2. Johan Inge Kjellstad. 3. Leif Arne Fivelstad
Revisorar: Margretha Helset Janssen, Synnøve Kjellstad
Valnemnd: Olav Lade, Grete Bjørdal, Lisbeth Lervik Helset.