Baud på vaflar til inntekt for TV-aksjonen

Elevane på mellomsteget ved Sunnylven skule engasjerte seg for årets innsamlingsaksjon, «Barn, ikke brud». Fredag steikte dei og selde vaflar på Hellesylt for over 4.000.- kroner.
I Sunnylven kyrkjelydshus på det som har vore skulekjøkken under renovering av hovudskulen, var 23 elevar frå mellomsteget i sving med vaffelproduksjon frå morgonen av fredag. Heile fire store bollar med vaffelrøre, eller 12 – 15 liter vart steikt opp og vart eit stort antal gyllenbrune vaflar.
Godt sal
hellesylt.info var mellom dei fyrste vaffelkundane og kunne stadfeste at vaflane var av beste slag. Med jordbærsyltetøy og rømme på vart det nesten ei høgtidsstund, så vi kjøpte tre. Og det var då rimelege go`saker også, berre 20.- kroner stykket.
Oppskrifta på røra hadde elevane lånt av kioskgruppa i Sunnylven IL, ei røre som har fått rosande omtale før.
Salsrunden gjekk til butikkar og bedrifter på Hellesylt der elevane møtte kjøpelystne kundar. Resultatet vart heile 4118.- kroner, og beløpet går til Plan Internasjonal sin TV-aksjon. Og vaffelseljarane var svært fornøgde og takkar alle som kjøpte og støtta.