Lokalnytt

Dramatiske historier frå Storfjorden på TV

Odd Normann Hoff, Bjørg Humlung og Frank Sekkesæter på veg til Blomberg

TV Sunnmøre har i samarbeid med Storfjordens Venner laga 12 program om livet og hendingar på fjord -og fjellgardane langs Storfjorden. Fyrste program blir sendt torsdag 28. oktober.

Av Inge Bjørdal,
leiar i Storfjordens Venner

Storfjordens Venner deltok i sommar i ein TV-produksjon som fortel om livet på gardane frå den gong folk livnærte seg som bønder på fjord- og hyllegardane langs Storfjorden.

Grunnen til at Storfjordens Venner engasjerer seg i tiltak som dette, er først og fremst eit ønske om å gjere historia frå då desse gardane var i aktiv drift kjent for folk i dag. Enno finst det ein del tidsvitne, men talet minkar.

-For oss er det fantastisk flott å vere med på å løfte fram historia om forfedrane og livet dei levde langs Storfjorden, seier Odd Normann Hoff i Storfjordens Venner.

Foreininga har arbeidd sidan 1975 med å ta vare på bygningar og andre kulturminne i området vårt.
-I dei 47 åra vi har arbeidd med restaurering har vi hatt fleire prosjekt kvart einaste år, og har gjennomført omlag 130 prosjekt alt i alt, fortel Asgeir Kvernberg. I 2022 planlegg vi å gjennomføre i alt fire prosjekt, dersom vi får finansiert dei.

Programma som er sende til no, har fått overveldande god mottaking. For Storfjordens Venner går slik formidling av kulturarven rett inn til kjernen av føremålet med foreininga:
«Storfjorden Venner har til oppgåve å verne- og formidle kunnskap om kulturminne, tradisjon og kulturlandskap.»

 Både overfor medlemmene våre, og ikkje minst alle som støttar oss økonomisk og på andre måtar, er desse opptaka også ein særs god dokumentasjon på det arbeidet vi utfører, seier Inge Bjørdal, leiar i foreininga.

Asgeir Kvernberg fortel ei dramatisk historie frå Vikasætra til programleiar Frank Sekkesæter.

 Frank Sekkeseter, redaktør i Sunnmøre Live, uttalar seg slik om denne TV-serien:
-Dette er ein TV-produksjon vi har fått veldig mange gode tilbakemeldingar på. Programma vi spelte inn i fjor sommar, vart sende i fjor haust, og vi måtte sende programma på nytt i vår etter mange førespurnader frå sjåarar.
Historiene om livet på gardane langs Storfjorden er i sommar viste på lokal-TV til om lag 450 000 sjåarar over heile landet. Det gir oss ei stadfesting på at vi har treft ein nerve med denne serien, og vi var ikkje vanskelege å be då vi diskuterte ein ny sesong med Storfjordens Venner. Dei har ein kunnskap og eit engasjement som passar veldig godt på TV.

-Det er vår nære historie og kulturarv pakka inn i fantastiske bilete frå Storfjorden, med gode historier fortalde av folk med kunnskap og engasjement. Spesielt flott er det at vi har med oss mange av dei som har vakse opp på gardane som tidsvitne frå kvardagslivet på gardane, seier Frank Sekkesæter.

Kjell Løseth på Stordalsholmen.

 

Utan å røpe for mykje, vil noko av innhaldet dreie seg om heksebrenning, ei mørk kjærleikshistorie med dramatisk slutt, opphavet til eit milliardkonsern og vi får svar på om «Dei sju systrene» er skapte av menneskehender. Denne gongen er det laga 12 program frå seks ulike gardar i Geirangerfjorden, Sunnylvsfjorden og Norddalsfjorden.
Sendestart på TV for sesong to er torsdag 28. oktober.

Info: Sunnmøre LIVE sender på Riks-TV(52) Telenor(126) Telia(52) Altiboks og Apple-TV.»

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380