Lokalnytt

Eldredagen i Sunnylven pensjonistlag

Rundt 70 medlemer i Sunnylven pensjonistlag var samla på Hægstad Gård og markerte FN sin eldredag 2021.

Fredag 1. oktober markerte Sunnylven pensjonistlag årets eldredag med medlemsmøte på Hægstad Gård. Dit kom 70 av laget sine medlemer til middag, og underhaldning med songartisten Olav Stedje.

Leiar i Sunnylven pensjonistlag ønska alle vel møtt, -det er godt å sjå dokke, sa ho. Det hadde vore få medlemssamlingar dei siste månadane grunna korona-pandemien, men no var det igjen lov å kome i lag.
Frå sist samling hadde fleire av medlemane gått bort, og dette vart markert ved tenning av eit stort stearinljos og eitt minutt stillheit.

Leiar i pensjonistlaget, Astrid Langeland var glad for at laget kunne samlast igjen etter korona-perioden.

Å vere i lag var ein god resept for kvardagen, meinte Astrid Langeland. Nyleg var ho i Oslo og kom over eit magasin med ei overskrift; «Når den beste medisinen er eit anna menneske».
-Det skjer noko med oss når vi møter kvarandre, helsar, smiler til kvarandre, slår av ein prat og fortel ei historie.
Vi i pensjonistlaget ønskjer å steller i stand møter for å vere ein resept for eit godt og triveleg liv heile året. Og dokke er velkomne til å kome og kjenne den gode resepten på eit samvær i lag, sa Astrid mellom anna og gratulerte med FN sin eldredag 2021.

Den store og gode underhaldninga i Sunnylven pensjonistlag denne gongen stod songartist Olav Stedje for, saman med musikar Inge Ronny Kvåle, begge frå Sogndal.

Fleire, mellom anna desse to, Maja Kleivan Gjendem til høgre og Oda Sandvik Aure sytte for at god servering kom på borda.

Men også åresal og god servering var verdt besøket denne gongen. Teamet til kokk Anders Adolfsson diska opp med tre retters middag, velsmakande både for syn og gane. Det var godt og meir flott enn på det finaste hotel, var av kommentar vi fanga opp kring langborda.
Hellesylt kan ha ein topp matstad på Hægstad Gård. Torsdag i veke 40 står potetball på menyen, vart opplyst.

Og kokken var Anders Adolfsson

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380