Lokalnytt

Geiranger Bakeri serverer og leverer på Hellesylt

Maja Kleivan Gjendem jobbar ved Hægstad Gård/Geiranger Bakeri på Hellesylt. Laurdag selde og serverte ho kaffi og gode bakevarer til fleire som var innom.

Selskapet Geiranger Bakeri har vekt liv i Hægstad Gård på Hellesylt. Frå å vere avlåst og ikkje i bruk i lang tid er dørene no opne for kafédrift, møter, og bryllaupslag med brudevigsle. Og her kan ein tinge kaker og julebakst.

Kokk Anders Adolfsson og hyggelege serveringshjelparar har hatt mykje besøk i haust i lokala på Hellesylt som tidlegare var kjent som Peer Gynt galleriet. Det har blitt mange møter, gravferdslag, potetballservering og bryllaup med brudevigsle. Bryllaupsfesten var hyggeleg og ei minnerik oppleving for oss som jobbar her, og vi håper det var det også for brudeparet, seier Adolfsson.

Gjekk tom for potetball

Frammøta til potetballservering har imponert, det har vore over all forventning. Langt over hundre kom innom sist og ønska seg den spesielle middagsretten med potetball, saltkjøtt, kålrot og bacon. Det vart så mange at grytene var tome for dei siste som kom, fortel Anders. Det lover han ikkje skal skje neste gong som er 28. oktober.

Julebord

-Vi synest besøket og drifta har gått bra og satsar på å halde ope med nye tilstellingar ut over hausten, vi er opne for alt av arrangement som folk ønskjer seg. Kanskje blir det både ølsmaking og spekematkveld, og det blir to helgar med julebord for bedrifter og private der vi skal by fram det beste av kortreist julemat. Då blir det også live musikk og dans, seier kokken med svenske aner og dialektsleng.

Så langt har Sunnylven Pensjonistlag sikra seg lokale på Hægstad Gård for ny balldag i slutten av oktober, juleverkstad i november og julebord for medlemane i desember.

Bakar på bestilling

Anders Adolfsson minner også om at Geiranger Bakeri har masse gode produkt, både brød, bollar, vienerbrød og meir. Publikum kan bestille kaker av alle slag, men kanskje ikkje kransekaker, det var han litt usikker på om han kunne love til jul i år.
Ta gjerne kontakt for møter og levering av bakeprodukt, seier han. For tinging av julebord blir datoar annonsert på hellesylt.info om litt.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380