Gler seg til langrennsesongen

Det vart ny og eigen bil på Kristine Hjellbakk Hole, eit kjøp ho er svært godt nøgd med. (Foto: Privat)

Siste års juniorløpar, Kristine Hjellbakk Hole førebur seg til ein ny langrennsesong. Ho gler seg, -det skal bli kjekt å få gå langrenn igjen, seier ho.

Kristine Hjellbakk Hole er så langt den siste av fleire gode langrennsløparar frå Sunnylven IL. Dei siste åra har ho hatt tilhald på Lillehammer der ho i tillegg til å konkurrere i langrenn har fullført fleirårig skule på NTG. Også framfor komande sesong bur og trenar ho i og ved OL-byen frå 94, i tillegg til å studere idrettsfysiologi, læra om organismen sin funksjon, prestasjon og livskvalitet.

Har trena meir enn før

-Eg likar meg godt på Lillehammer her eg trenar saman med mange kjenningar frå NTG. No framfor ein ny sesong, der eg håper på fleire konkurransar enn sist vinter har eg trena og førebudd meg meir enn tidlegare. Stort sett blir det to treningsøkter kvar dag, fortel Kristine.

Går for Lillehammer skiklubb

På Lillehammer er dei mange som trenar i lag og oppmuntrar kvarandre. Å kome inn i ei større treningsgruppe med fokus på både teknikk og anna var ei av årsakene til at Kristine har meldt overgang frå Sunnylven IL til Lillehammer skiklubb. Ho ønska å utvikle seg og bli ein betre langrennsløpar.

Fullvaksinert

Så langt har treningane gått bra og forma var god heilt til ho drog på seg ein forkjølelse, fortel ho. No er den stort sett over så då er det er full fart igjen og stigande form.
Og på spørsmål er ho trygg på at det var forkjøling og ikkje korona. -Vi er fullvaksinerte mot korona og det er godt, for vi veit at sjukdomen går på lungene, eit viktig organ for å yte godt i langrennsløypa.

Kristine Hjellbakk Hole har oppnådd sine beste plasseringar i skøyting fram til no. (Foto frå arkivet)

Eigen bil

Det er berre fem veker til Kristine Hjellbakk Hole stiller til start i vinterens fyrste konkurranse som for henne er Gålå-sprinten. Der er to renn, ein sprint og eitt over distanse. Kva stilart renna går i er ho ikkje sikker på. Ho likar best skøyting, men trur ho også kan hevde seg i klassisk stil denne vinteren.

Turen til Gålå i Gudbrandsdalen blir den fyrste til skirenn denne vinteren, men også fyrste turen til ein konkurranse i Kristine sin nye Toyota om ho vel å køyre eigen bil. Den vart ho eigar av tidlegare i år, ein hybridbil sponsa av fleire firma, men også av foreldra til Kristine. Men mykje av leasingsummen må ho betale sjølv, seier ho om bilenkjøpet som ho er strålande fornøgd med der namnet hennar står på sjåførdøra.

Gledar seg

Det var ein hyggeleg prat i telefonen med langrennsjenta frå Lillebø i Sunnylven som gledar seg til å gå skirenn igjen.
Og på Lillehammer trivast ho både i trening og på fritida. Og der er kjekke gutar, spesielt ein, røpar ho på spørsmål frå oss. -Også han er langrennsløpar så då pusjar vi kvarandre på trening, fortel ho.

Og vi, vi gler oss mykje til å lese resultatlister frå Gålå-sprinten, Norgescup og andre junior og seniorrenn gjennom vinteren 2021/22.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380