Hægstad Gård feirer internasjonal brøddag

Det er open kafe på Hægstad Gård både fredag og laurdag, og tilbud på brødvarer

Det blir open kafe på Hægstad Gård både i morgen fredag 15. oktober og dagen etter med mellom anna gode tilbud på kjøp av brød.

Geiranger Bakeri har ope på Hægstad Gård på Hellesylt fredag 15. oktober mellom klokka 10.00 – 14.00, og laurdag frå klokka 10.00 til 15.00.
Då blir det gode bakevarer å få kjøpt frå Geiranger Bakeri der også Verdens brøddag som er 16. oktober blir markert med tilbud på tre valfrie brød for 100.- kroner.

Potetball og trubadur

Frå leiinga ved Hægstad Gård får vi også opplyst at torsdag 28. oktober er det potetball på menyen i Hellesylt si «nye matstove». (Sjå «Det skjer på Hellesylt»)
Den dagen blir det også storfint besøk av artisten Luffen Valle, ein lystig spelemann frå Ålesund som har lova å framføre sin låt Potetball + Aafk og mange fleire.

Lystige Luffen Valle kjem på besøk på «balldagen» 28. oktober.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380