Lokalnytt

Har samla tusenvis av stadnamn

Odd Normann Hoff kåserte og fortalde om stadnamn han har samla så langt. Han fekk overrekt blomar frå Stranda Mållag ved Agnes Havnen.

Odd Normann Hoff er tidlegare lærar av profesjon, men som pensjonist nyttar han også tida si godt. I fleire år har han samla og registrert stadnamn i Sunnylven og langs fjorden, eit arbeid han framleis held på med.

På Stranda Mållag sitt møte på Hellesylt torsdag kveld fortalde Odd Normann Hoff om det store og viktige arbeidet han har jobba med. Så langt har han samla inn og registret mellom 2500 og 3000 stadnamn i Sunnylven og langs Sunnylvsfjorden og i Geirangerfjorden, men han er langt frå ferdig, sa han.

Har mykje jobb igjen

Hoff starta registreringsarbeidet for fleire år sidan og han søkte opplysningar hos eldre personar, mange av dei er no borte. Difor var det på høg tid den gongen, og det hastar med å fullføre innsamlinga før enno fleire namn går tapt. Han er langt frå ferdig, for både i Langedalen og i Bygda står mykje igjen, sa han.

Odd Normann Hoff avmerkar namnestadane på kart med eit tal, for ofte er det så kort mellom namna at det ikkje er plass til å skrive det direkte på kartet. På Ljøen var også kart på 1:50.000 for lite til å få plass til eit tal, så då streka han inn ei pil, fortalde han. Også områda og langs strendene i Geirangerfjorden var der svært mange namn, sa Hoff.

Morosame stadnamn

Stadnamn er ikkje berre ei geografisk plassering, men dei fortel ofte om mangt ved og kring staden, eksempelvis naturforhold. Namn som Haljevika, Lindane, apalkvia, almen er døme på det, og det er andre såm peikar på jordbruksland som Beithoggane eller sælebota. Hoff hadde langt fleire døme på namn som var blitt til etter busetnad og aktivitet av folk opp gjennom tidene.
Han ramsa også opp ei lang rekke namn med tilknyting til husdyr, som geitapinå, purkemyra eller parlekleiva, ein stad der dyra gjorde sitt fornøden. Ikkje uventa vekte namna ei viss munterheit i forsamlinga på Hægstad Gård.

Frå Sunnylven

Hoff kom ikkje inn på gardsnamn og tydingar av dei, med unntak av Hellesylt og området Sunnylven. –Dette er kjepphesten min. Når sunnylvingar blir spurde om kvar dei kjem frå seier dei at dei kjem frå Hellesylt. Det er heilt feil, dei kjem frå Sunnylven, for Hellesylt er namnet på ein gard som ikkje er i drift lenger, sa Odd Norman Hoff. Og noko søkefult rette han peikefingeren mot ordføraren. Hugs Jan Ove, når nokon neste gong spør kvar du kjem frå er det ikkje frå Hellesylt, men Sunnylven.

Viktig for ettertida

Odd Normann Hoff fekk i fjor Stranda kommune sin kulturpris for arbeidet han har lagt ned i registrering og tyding av stadnamn. Det har blitt ei innsamling rik på informasjon som er viktig for ettertida.
Med den tidlegare læraren som kåsør blir det heile formidla på ein forståeleg og interessant måte, som torsdag då dei frammøtte på Stranda Mållag sitt kveldsmøte på Hellesylt fekk høyre litt av det Odd Normann Hoff har samla.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380