Lokalnytt

Hjortejakt som forventa hittil

Det er mykje hjort i Stranda kommune. Og med kjølegare ver vil dyra trekke ned frå høgare strøk der dei har beita mykje til no. (Foto frå arkivet)

I Stranda kommune er det felt 216 hjort så langt. -Eit resultat i rute for ei grei avskyting, seier sekretær i viltnemnda Asle Johan Konnerth.

Det er blitt skote mest ho-dyr så langt i hjortejakta, viser statistikken fram til 13. oktober. Av vaksne ho-dyr er det felt 60, unge ho-dyr 49, og av same kjønn kalv 29, totalt 138 dyr.
Tala for hann-dyr er 25, 32, og 21, til saman 78. Dette er i samsvar med politisk ønska avskyting.

Av oversikta går det også fram at det er sett svært mykje hjort i Stranda kommune, heile 3860 dyr etter jaktstart 1. september.
-Her er mykje hjort, men eit dyr kan sjølvsagt bli sett og registrert fleire gonger, seier Konnerth.

På spørsmål seier han at jakta har vore best i valda i Sunnylven, i Oaldsbygda og Liabygda. Også Stranda sør har hatt god jakt så langt.
I Fausadalen har det ikkje blitt skote som forventa så langt. Konnerth trur noko av årsaka til det kan vere mykje helikoptertrafikk i samband med at Stranda Energi AS har bygd ny kraftlinje i området. Han såg litt av det same skjedde i Sunnylven då filminnspeling av Mission Impossible 7 foregjekk på Hellesylt og mange helikopter var i sving.

Til litt ergrelse for jegerane og på grunn av ein fin haust har hjorten halde seg høgt til fjells så langt. No har veret endra seg og dyra vil nok trekke til lavare strøk og då blir det jakt minst like god som til no. Det er delt ut vel 700 fellingsløyver i Stranda kommune, omlag det same som i 2020.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380