Lokalnytt

Hugs å stille klokka

Natt til søndag 31. oktober skal klokka stillast tilbake frå 03.00 til 02.00

Natt til søndag 31. oktober klokka 03.00 er det slutt på sommartid for i år. Då skal urvisarane stillast ein time tilbake.

Sommartid vart fyrste gong innført av Tyskland i 1916 ved å stille klokka ein time fram om våren. Året etter gjorde Norge og fleire andre Europeiske land det same. Årsaka var at ein fekk ein time ekstra lys på sommarkveldane.

I år vart klokka stilt ein time fram i mars og søndag 31. oktober skal den stillast tilbake frå 03.00 til 02.00.

For den som er usikker på kva veg urvisarane skal stillast er det ein god regel at det alltid er mot sommaren, fram om våren og tilbake om hausten.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380