Lokalnytt

Interpellasjon om investeringar i Stranda kommune

Investeringsmillionane har flagra i Hellesylt, er påstanden i ein interpellasjon til Stranda kommunestyre.

I ein interpellasjon skreiv Frank Sve (Frp) at dagens politiske leiing har gløymt å investere i Stranda tettstad. Useriøse påstandar seier ordføraren i sitt tilsvar.

Representanten Frank Sve (Frp) stilte i ein interpellasjon til kommunestyret i Stranda spørsmål om prioritering til investeringar i kommunen.
Dagens politiske leiing har slett ikkje fokus på Stranda tettstad, skreiv Sve innleiingsvis. Han etterlyste tiltak og meiner Solbakken omsorgssenter, Ringstad skule og tilrettelegging av attraktive bustadtomter nær Stranda sentrum er totalt gløymde.

Flagrar i Hellesylt

I staden kjem det gong etter gong svindyre saker frå rådmannen, tiltak i spesielt Hellesylt der millionane flagrar utan at det er konsekvensanalyser eller behovsanalyser, heiter det i interpellasjonen frå Sve.
Han stillet spørsmålet når bygging av Solbakken omsorgssenter, renovering eller nybygg av Ringstad skule og bustadtomter i Stranda sentrum kjem i gong.

Samrøystes eller fleirtalsvedtak

I kommunestyret 13. oktober svara ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) både munnleg og skriftleg, eit svar vi refererer frå;
I svaret slår ordføraren fast at representatar av kommunestyre har rett til å stille spørsmål til prioriteringar som blir gjort gjennom budsjettvedtak, men han var likevel litt undrande til spørsmåla han skulle svare på.

Dei siste åra har alle investeringar i kommunen blitt vedteke samrøystes eller ved stort fleirtal. Og påstandane om at millionane flagra utan grundig saksutgreiing var useriøse påstandar, sa Jan Ove Tryggestad, og heldt fram;
-Stranda kommune arbeider med dei store sentrumsinvesteringane som er trekt fram i det skriftlege spørsmålet frå Sve, men er av ein storleik som må innarbeidast i budsjett. Også areal til dei nye tiltaka er inne i kommuneplan arealdel og bør såleis vere kjent, sa ordføraren.

Dårleg for samarbeid

Heilt til slutt peika Jan Ove Tryggestad på det han kalla eit viktig moment for politisk samarbeid. Det var direkte uklokt å bruke ein retorikk og sete bygdelaga opp mot kvarandre.
Og over tid synest det å ha vore god balansert utvikling av kommunen, meinte ordføraren.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380