Lokalnytt

Julemesse på Hellesylt

Julemessa på Hellesylt blir i år ved Hægstad Gård/Geiranger bakeri.

Sunnylven bygdekvinnelag inviterer til julemesse på Hægstad Gård/Geiranger bakeri laurdag 27. november. Grunna plassmangel blir det berre lokale utbydarar inne i lokala i år.

Siste laurdag i november blir det arrangert julemesse på Hægstad Gård/Geiranger bakeri då Sunnylven samfunnshus er under renovering. Sunnylven Bygdekvinnelag og andre lokale personar som står bak arrangementet, har begrensa med plass denne gongen, men håper dei kan by på standplass til fleire neste år.

Lokale stand inne

-Grunna plassmangel tek vi mot påmelding berre frå lokale utbydarar og skuleelevar inne i år, men om nokon ønskjer å delta med eigen stand ute er dei velkomne til det, opplyser Bente Bonsaksen som saman med andre er med bygdekvinnelaget i arrangørstaben. Ho legg til at alle som vil delta må melde seg på innan 20. november til;
Heidi Hauge, mob. 901 77 057. e-post: heidimelvollhauge@gmail.com

Under julemessa på Hægstad Gård har Geiranger bakeri open kafe der dei i tillegg til sal av fleire sortar julekaker og andre bakevarer sel risgraut med «pynt på».

Bente Bonsaksen håper mange kjem innom lokala og julemessa på Hellesylt laurdag 27. november. Det er alltid triveleg med julemesse, at det skjer noko, seier ho.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380