«Matstabburet» Ole Ringdal AS fyllast opp

Å ta ein telefon til kjøttvaregiganten Ole Ringdal AS på Hellesylt kan sikre eit variert og bugnande julebord også i år. Der går produksjonen for fullt, enno større enn tidlegare.
Det er over to månader til jul, men hos Ole Ringdal AS på Hellesylt fyllast alle klimarom med julemat. Det går på høggear i heile anlegget ved hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt som til vanleg har vel 60 tilsette. No er talet langt høgare, kor mange er ikkje dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal sikker på.
-Eg har ikkje talt, men trur vi er rundt hundre no, seier han.
Ny dagsrekord
Og han rosar alle for fantastisk arbeidsinnsats og stå-på-vilje. Nyleg sette bedrifta ny slakterekord på ein dag då 645 lam og sau vart avliva. Rett nok vart det jobba ut over vanleg arbeidstid den dagen, men det var greitt for alle, seier Ringdal.
-Å ha ein slik arbeidsstokk er gull verd. Dei står på og gjer sitt beste så eg seier berre -veldig bra, dei fortener all ros og takk vi kan gje.

Kort oppstalling
På spørsmål kvifor dei jobbar så lange dagar i slakteriet forklarer Ringdal med gode tilførsler av slaktedyr, og at fjøset må tømmast før bilane kjem inn med nye dyr neste dag. I tillegg er det ut frå dyrevernhensyn bra med kort oppstalling før slakting.
Vi slår på at det må vere hektisk dagar no om hausten. Det er dagleg leiar samd i, men stadfestar at det går unna så lenge bedrifta har dyktge tilsette som produserer varer som kjøparane vil ha. Han kunne gjerne ha teke mot enno meir slaktedyr, -for vi ønskjer å vekse, seier han.

Mykje frå nærområdet
-Vi har slakting av storfe heile året og av sau, lam og anna småfe starta det så smått rundt 10. august, men størst er slaktemengda frå midten av september og ut oktober måned.
Dei aller fleste dyr til slakteriet kjem frå Verdsarvbeite og andre nærområde og får kort inntransport. Storleik på lamma er også bra sjølv om det i år var ein varm sommar for dei ullkledde, seier Ringdal.
Fulle klimarom
Julemat blir det i alle fall mykje av å køyre ut frå Ole Ringdal AS også i år. For få år sidan tok bedrifta i bruk eit stort nybygg med fleire klimarom. Då hellesylt.info var innom var dei fleste fullpakka av spekemat av sau og lam. På fleire klimarom hang fenalår og pinnekjøttsider tett i tett frå golv til tak. Berre på eitt klimarom hang der 10.000 fenalår.
