Lokalnytt

Møt Luffen Valle, trubadur og «skrønemakar»

Luffen Valle kjem til Hægstad Gård/Geiranger Bakeri torsdag. Han er for mange ein kjent enterteiner, artist og trubadur, med utallige konsertar og opptredenar lokalt og nasjonalt

Luffen er også mannen bak «AaFK-hymna», «Vi vil ha må»l, «E é frå Ålesund», «Potetball og AaFK», og ein rekke andre kjente og kjære fotball -og bypatriotsongar.

Dei fleste har nok fått med seg låta «Steike lei av Korona» som er streamet viralt på alle digitale plattformer og har blitt svært godt mottatt.

No blir det høve å kome tett på Luffen Valle, høyre han sjølv framføre sine fine songar frå sitt rikhaldige bibliotek, og kanskje har han også nokre gode historier på lur.

Det får alle oppleve som kjem innom Hægstad Gård/Geiranger Bakeri på torsdag 28. oktober. Først spelar Luffen nokre låtar for medlemane i Sunnylven pensjonistlag klokka 14.00. Dei har potetballfest frå klokka 13.30. Deretter går Luffen Valle på «scena» same dag og stad klokka 17.00 då der blir ope til klokka 19.00, eller kanskje enno lenger.

Luffen Valle og vertskapet ved Hægstad Gård/Geiranger Bakeri håper mange kjem og nyt potetball og kosar seg med sprek underhaldning av AaFK-supporter nummer en.

Sjå også kalendaren, «Det skjer på Hellesylt».

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380