Nytt festmåltid på Hægstad Gård

Det blir festdag for mange når teamet kring kokk Anders Adolfsson serverer potetball på Hægstad Gård torsdag 7. oktober. (Foto frå arkivet)

Geiranger Bakeri og teamet kring kokk Anders Adolfsson gjentek suksessen og serverer potetball med meir på Hægstad Gård torsdag 7. oktober.

Etter Geiranger Bakeri sin suksess med servering av potetball til Sunnylven pensjonistlag i midten av september, blir det ny «balldag» på Hægstad Gård torsdag 7. oktober. Måltidet sist fekk ståande applaus frå stappmette pensjonistar, er det oss fortalt, og det er ingen grunn til å tvile på kvaliteten komande torsdag heller.
Potetballen blir servert med kålrot frå Håvardgarden, og saltkjøtt, mør og bacon frå Ole Ringdal AS, opplyser Adolfsson. Han håper mange set pris på tilbodet og møter fram til potetballmiddag.
Prisen er kr. 165.-, med servering frå kl. 13.30

Til hellesylt.info seier Anders Adolfsson at han ønskjer å ta i bruk Hægstad Gård med både servering og andre arrangement. -Men då er det viktig at folk kjem, seier han og legg til at på torsdag er det sal av også brød og boller.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380