Lokalnytt

På konsert med Stedje og Inge Ronny

Olav Stedje til høgre og Inge Ronny Kvåle begeistra publikum med flott konsert under Eldredagen på Hægstad Gård.

Songen «Vi vandrar saman» betyr mykje for meg, sa Olav Stedje før han på slutten og saman med musikar Inge Ronny Kvåle framførte klassikeren som gjorde læraren frå Sogndal kjent som songartist.

Olav Stedje og Inge Ronny Kvåle entra kvar sin krakk med kvar sin gitar på Hægstad Gård på eldredagen. Frå sine plassar ved den lyspynta veggen fekk medlemer av Sunnylven pensjonistlag høyre to songartistar framføre både kjente og mindre spela songar, og dei 70 i salen vart etter kvart varme i handflatene etter mykje applaus.

Det var topp å kunne møtast igjen utan munnbind, tykte Stedje som hadde vore på Hægstad Gård ein gong før for mange år sidan. No hadde han med ein annan sogndøl, Inge Ronny Kvåle, dyktig musikar på sin el-gitar.

Andre songskribentar

Dei to opna konserten med to songar skrive av Jonas Fjell, den eine til Tv-innsamling og Flyktningaksjonen i 87. Men Stedje skriv songar sjølv , både om hendingar i heimbygda, og gjerne drøymande tekster om turar til syden, eksempelvis Spania, og fleire av desse kom inn i mellom gode historier som vekte åtgaum mellom dei frammøtte.

Det vart songar frå fyrste LP-plate, «Ta meg med», og Ivar Medås si kjente vise om fjordabåten Oster, «Dar kjem dampen».

På nynorsk

Som reisande artist blir det også opplevingar det blir songtekster av. Som frå ein pizzabar i Hordaland der jenta bak disken heitte Silje, og songen fekk same tittel.
Mot slutten av konserten kom så den dei fleste venta på, «Vi vandrar saman», men også diktaren Per Sivle sin «Den fyrste song» vart eit flott og verdig punktum på konsertmøtet med dei to som gjer ære på det norske språket. All presentasjon og songtekster var på nynorsk i heile konserten.

Frå Hellesylt gjekk turen dagen etter nesten til Haugesund, fortalde Olav Stedje. Reisegåva som Astrid Langeland overrakte då ho takka for konserten, var kvar si gåvepakning med spekepølser frå Ole Ringdal AS.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380